Nye prosjekt frå kinodebutantane bak Victoria må dø og Birk & Magna

Bergenstoget plyndret i natt! er det nye filmprosjektet til regissør Gunnbjörg Gunnarsdottir og produsent Ole Marius Elvestad, som denne veka seglar inn på 1. plass på Kinotoppen med Victoria må dø. Foto: Jan Tore Eriksen / Ymer Media

21. februar 2024 vedtok Vestnorsk filmsenter sitt styre innstillinga der 17 nye prosjekt blir tildelte midlar.

- Vi ser i årets første tildelingsrunde nye spennande prosjekt frå kinodebutantane bak Victoria må dø og Birk & Magna, og dokumentarar som rettar blikket ut mot ulike delar av verda, seier dagleg leiar i Vestnorsk filmsenter, Stine Tveten.

Ein kortdokumentar om ei avdanka norsk ferje, ein internasjonal samproduksjon om korleis toppidrettssatsing påverkar kvinnekroppen, ein kortfilm om korleis sinne og straff flyttar seg i ein maktspiral og ein ny dokumentarserie frå Fotspor Film mottar denne runden produksjonsmidlar.

Spelefilmprosjekt frå kinodebutantar

Kinoaktuelle Gunnbjörg Gunnarsdottir og På Film får i årets første tildelingsrunde midlar til utvikling av ein action-krim-komedie basert på boka, Bergenstoget plyndret i natt!, av Nordahl Grieg og Nils Lie frå 1923, som vert rekna som Noregs første påskekrim.

No skal Gunnarsdottir gå laus på den klassiske “heist”-film sjangeren med same publikumsvenlege og leikne humor som i hennar første spelefilm, Victoria må dø, som VG omtalar som Tarantino for 10-åringar.

- Prosjektet er eigna til å utnytte det momentum som ei kinolansering kan gi eit regissør-produsentpar, som har vist store ambisjonar, ståpåvilje og gjennomføringsevne i samarbeid med lokale krefter.

Filmkonsulent, Hanne-Lovise Skartveit, om det nye prosjektet til Gunnbjörg Gunnarsdottir og På Film.

Regissør- produsentparet bak familiefilmen Birk & Magna er også i gang med eit nytt spelefilmprosjekt. Skjoldmøyen er sett til vikingtida og handlar om ei ung kvinne som opplever krig og store tap, og må finne vegen frå hevn og hat til forsoning og venskap.

- Filmskaparane har vist både stor fortellar- og gjennomføringsevne med sin første film. Dei bruker no erfaringa og nettverket dei har opparbeida seg til å utvikle ei ny spenningsfylt historie retta mot eit ungt publikum, som også tar opp store spørsmål, seier Hanne-Lovise Skartveit om regissør Christer Steffensen og produsent Sivert Kalvø Harang sitt nyaste prosjekt.

Blikk ut mot ulike delar av verda

På dokumentarsida ser vi fleire prosjekt som rettar blikket ut mot ulike delar av verda denne runden, med Myanmar Promises og Sangeeta frå Aldeles, to ulike prosjekt som viser fram banda mellom Vestlandet og Ukraina, og Westory som tar oss med på Amerikadrømmen, som alle mottar utviklingsmidlar.

Dokumentaren Sangeeta skildrar styrken og motet indiske Sangeeta og andre syreoverlevarar viser, ved å nekte å tilbringe resten av livet innesperra og usynleg for omverda. Foto: Petronelle Halvorsen / Aldeles

Aldeles mottar midlar til utvikling av Sangeeta og Myanmar Promises. Sangeeta handlar om ei indisk kvinne som blei syreangrepen som 17-åring, og følgjer kampen hennar for rettferd, medan Myanmar promises er eit poetisk reflekterande portrett av eit unikt burmesisk skjebnefellesskap der noverande og tidlegare DVB-journalistar møtest for å dele erfaringar og draumar frå eit liv i liv kamp for fridom.

I Krigens teater, av Eivind Tolås og T-1252 Film, blir vi tatt med til eit sirkus i Bergen med djuptgripande band til Ukraina, og dokumentaren viser krigen gjennom sirkusartistane som kjempar.

Kald front av Christer Fasmer omhandlar også krigen i Ukraina, og fortel om dei som kjempar for eit fritt Ukraina og nordmennene som støttar dei.

Westory tar oss med til USA på ei feelgood-reise i Amerikadrømmen, som handlar om ein beskjeden sunnmøring med ein draum om å leve av musikken og gi ut plate i Amerika.

Produksjonsmidlar til Rett Vest, Kompendium, Goodtime Pictures og Fotspor Film

Kortdokumentaren Hvor ble det av ferga mi?, samproduksjonen The Female Way, kortfilmen Fall og dokumentarserien Nytt liv i gamle hus mottar produksjonsmidlar denne runden.

Hvor ble det av ferga mi? Foto: Rett Vest

I ei av dei første satsingane til eit ungt, ambisiøst bergensk produksjonsselskap, tar Johannes Vang og Rett Vest oss med på ei Afrika-reise på jakt etter ei avdanka norsk ferje, i ein leiken kortdokumentar om verdien av minner og det å ta vare på ting.

Kompendium og John Kaare Hoversholm samarbeider med regissør, Eliza Kubarska, som vann Documentaire Extraordinaire på BIFF med sin førre film, i samproduksjonen The Female Way, ein polsk dokumentarfilm med norske Gunn Rita Dahle som ein av hovudpersonane. Saman med to andre kvinnelege toppsyklistar fortel ho ærleg om baksida til gullmedaljane, og korleis toppidrettssatsinga påverkar kvinnekroppen.

Øya-regissør Mathilde Meraki Ypsøy er i gong med eit nytt prosjekt, Fall, saman med Goodtime Pictures. I kortfilmen møter vi eit valdsutsett barn som tar i bruk kreative metodar for å ta makta si tilbake, og vi får sjå korleis sinne og straff flyttar seg i ein maktspiral.

Nytt liv i gamle hus er ein inspirerende dokumentarserie frå eit produksjonsteam med erfaring frå sjåarfavoritten Tid for hjem. Fotspor Film og regissør Jan Inge Skogheim sin serie følgjer folk som har kjøpt hus som kanskje treng meir oppussing og omsorg enn dei hadde rekna med, og tilbyr gode råd og arbeidsglede undervegs.

I serien Nytt liv i gamle hus skal TV-profil og malar Einar Nilsson følgje familiar på vegen til å skape gode heimar av hus som sårt treng kjærleik. Foto: Jan Inge Skogheim / Fotspor Film


Forrige
Forrige

Hiding Saddam Hussein til CPH:DOX

Neste
Neste

Tildelingar februar 2024