Seglar inn i våren med god vind

Spennande prosjekt seglar inn i våren med god vind. Nina Knag mottar produksjonsmidlar til spelefilmdebuten Ikke kall meg mamma og vi ser også fleire sterke Vestlands-prosjekt som no skal realiserast.

Konseptbilete av det nervepirrande spenningsdramaet Kraken.

Neo-tildeling til Nina Knag sin spelefilmdebut

Nina Knag mottar produksjonsmidlar til spelefilmdebuten Ikke kall meg mamma gjennom Norsk filminstitutt si Neo-ordning. Produsent er The Global Ensemble Drama v/Eleonore Anselme og Ingrid Skagestad, med medprodusent Screen Story v/Anders Hereid og Gunhild Oddsen.

Filmskaparen står bak fleire prisløna kortfilmar, deriblant De første dagene (2019). Knag har også hatt episoderegi på NRK-serien Rykter og driv sitt eige castingbyrå.

I hennar første langfilm møter vi ei gift kvinne i ei lita vestlandsbygd som forelskar seg i ein ung asylsøkar. Dei innleier eit forhold som får fatale konsekvensar for dei begge.

– Etter mange års arbeid med dette prosjektet er det fantastisk at filmen endeleg skal realiserast og spelast inn på vestlandet til sommaren. Vi har fått med oss nokon av dei beste i bransjen foran og bak kamera, så eg trur dette kjem til å bli eit lite eventyr. 

Regissør, Nina Knag

Foto: The Global Ensemble

Sterke Vestlands-prosjekt blir realiserte

Blant årets første tildelingar frå Zefyr finn vi produksjonsmidlar til spelefilmen Kraken, dokumentaren Vi som solgte landet og dokumentarserien Human Endurance. Mer Film, Goodtime Pictures, Truewest og Henchman & Goon mottar også tilskot til spennande prosjekt.

Vi som solgte landet. Foto: Kieran Kolle

Spenningsdramaet Kraken frå Handmade Films in Norwegian Woods, Nordisk Film og regissør Pål Øie, er blant prosjekta som har sikra seg produksjonsmidlar. Kieran Kolle og Aldeles sin dokumentar Vi som solgte landet, som utfordrar bilete av Noreg som eit naturparadis, blir òg tildelt støtte. I tillegg blir Christer Fasmer og Human Endurance tildelt midlar. I denne sportsdokumentarserien følgjer vi deltakarane i Norseman, i spektakulær norsk natur i Eidfjord.

Mer Film mottar midlar til spelefilmen Stesøstera og fiksjonsserien Heajastallan, Goodtime Pictures til samproduksjonen A light that never goes out, Truewest til spelefilmen The Fishing Place og Henchman & Goon til spelet Vesper.

Vi i Vestnorsk filmsenter gratulerer og gler oss til å følgje prosjekta vidare!


Sjå tildelingane frå Vestnorsk filmsenter her:

o Ikke kall meg mamma
o Kraken
o Vi som solgte landet
o Human endurance

Forrige
Forrige

Kvinnedagen 8. mars

Neste
Neste

Rain Games med ti Spillprisen-nominasjonar