Stor breidde i årets andre tildelingsrunde

I Hodet i klemme har regissør Anders Teig med seg Calle Hellevang Larsen, som også spelte i kortkomedien Stryk i brekk (2019). Foto: Stian Servoss

24. april 2024 vedtok Vestnorsk filmsenter sitt styre innstillinga der 14 nye prosjekt blir tildelte midlar.

I årets andre tildelingsrunde ser vi stor breidde i tematikk og sjanger, med alt frå ny svart komedie frå Anders Teig, bergensk dramaserie om Skrivekunstakademiet, til gripande dokumentarar av internasjonale format.

Svart komedie og bergensk skrivekunst

Kompendium v/John Kaare Hoversholm mottar denne runden produksjonsmidlar til kortfilmen Hodet i klemme av regissør Anders Teig, som har fleire vellykka komediar bak seg. Dette er ein absurd svart komedie om ein fyr som klarer å parkere bilen oppå hovudet til kona si, for deretter å vise seg å vere forsvinnande lite evna til å løyse problemet.

- Eit svært morosamt og leikent kortfilmmanus som fortel meir med bilete enn ord, seier filmkonsulent Lasse Gallefoss om Teig sin nye komedie.

I dramaserien Skrivekunstakademiet møter vi eit knippe unge studentar som startar på det prestisjefylte Skrivekunstakademiet, og det blir eit år som går ned i dei aldri utgitte bøkene; vi snakkar oppkast, tårer og nesten forboden kjærleik – alt i det ordrike, yrlette Bergen.

- I serien blir vi tatt med inn i eit lite spesielt miljø som manusforfattarane har god kjennskap til og skildrar med humor, sjølvironi og varme.

Filmkonsulent, Hanne-Lovise Skartveit, om dramaserien Skrivekunstakademiet, som i denne runden mottar midlar til utvikling.

Fotspor Film v/Trude Refsahl og Elise Søfteland Iversen har slått seg saman med manusforfattarane Bjørn Sortland, Rolf Magne Golten Andersen og Ylva Fyllingsnes, i det som kjem til å bli ein engasjerande serie med originale karakterar, morosame og til tider absurde situasjonar og potensiale for fleire sesongar.

Raske jenter og gripande dokumentarar av internasjonale format

På dokumentarsida mottar Løvene ved elven Tigris, Arctic Blue, samproduksjonen Abandoned og dokumentarserien Raske jenter produksjonsmidlar denne runden.

Løvene ved elven Tigris. Foto: Zaradasht Ahmed

Thorvald Nilsen og Indie Film Bergen får produksjonstilskot til dokumentaren Løvene ved elven Tigris av den prisvinnande regissøren Zaradasht Ahmed, som utforskar kva som skjedde med ein av Iraks mest mangfaldige kulturbyar gjennom auga til eit knippe av innbyggjarane.

- I ein formsterk dokumentar av internasjonalt format viser den prisløna regissøren oss forteljingar om håp og framtidsoptimisme frå ein del av verda vi som regel møter i dystre nyheitsreportasjar, seier filmkonsulent Lasse Gallefoss.

Dei siste vekene har Indie Film Bergen fått innvilga produksjonstilskot til Løvene ved elven Tigris frå Norsk Filminstitutt, Filmkraft Rogaland, Fritt Ord, Fond for lyd og bilde og no frå Vestnorsk filmsenter.

- Det er fantastisk at vi har mange gode aktørar som støttar internasjonal dokumentarfilm i Noreg, og no kryssar vi fingrane for vår nederlandske co-produsent for fullføring av finansieringa der. Indie Film Bergen fylte nettopp eitt år, og Vestnorsk filmsenter si støtte til prosjekta våre har vore utruleg verdifull. Vi gler oss til å fortelje fleire historier med base i verdas vakraste by, uttalar Thorvald Nilsen, produsent og dagleg leiar i Indie Film Bergen.

Arctic Blue. Foto: Folk Film

Midlar til produksjon er også tildelt Folk Film v/Anita Norfolk til dokumentaren Arctic Blue, som følgjer regissør Ismaele Tortella som reiser for å fotografere dyra i Nord-Noreg. Barndommens stamming fekk Ismaele til å søke mot naturfotografiet. Langs norskekysten finn han den nordiske blåfargen, og menneske som endrar livet hans.

- Arctic Blue er eit nytt internasjonalt steg for den prisvinnande dokumentarprodusenten, Anita Norfolk, seier filmkonsulent Lasse Gallefoss om dokumentarprosjektet.

Smau Media mottar midlar til samproduksjonen Abandoned, co-produsert med litauske Uku films og regissør Vytautas Puidokas. På ein øyde gard der tidlegare rusmisbrukarar og innsette søker forsoning gjennom dyrehald, osteproduksjon og bøn, følgjer vi 14 år gamle Matas i denne internasjonale dokumentaren, som er eit viktig steg ut i verda for bergenske Smau Media og produsent Anita Vedå og Maria Galliani Dyrvik.

Abandoned. Foto: Linas Žiūra

I serien Raske jenter blir vi kjent med nokon av dei største kvinnelege talenta i motorsporten, i ein idrett som ikkje skil mellom kjønn. Screen Story Film og TV v/Anders Hereid og Eivind Rath Ilebekk gir oss ein fartsfylt og underhaldande dokumentarserie i samarbeid med Altibox, med Rolv Lyssand Bjørø på manus og Vegard Lund Bergheim på regi.

- Det er svært gledeleg at Vestnorsk filmsenter støttar prosjekta våre! Vi ønsker også å trekkje fram Altibox som ein viktig samarbeidspartnar, som saman med Vestnorsk filmsenter gir oss ei moglegheit til å oppretthalde eit betydeleg produksjonsvolum her på Vestlandet. Saman har vi mykje spennande på gong, uttalar Anders Hereid, programsjef i Screen Story Film og TV.

Å lykkast innan motorsport inneber hard jobbing, dedikasjon, lidenskap - og ein sponsor eller to. Det eineste ein ikkje treng, er testosteron. Foto: Jo Bergersen / Raske jenter



Forrige
Forrige

Pitch - Nye stemmer

Neste
Neste

Tildelingar april 2024