Aktivitetsrik månad i BAKOM

Det er stor aktivitet i BAKOM, med kurs i skodespel for film og i spelutvikling, besøk hos Manger folkehøgskule, pitch, og kurs i script og datawrangling i samarbeid med reZurs.

BAKOM sitt 7-vekerskurs i skodespel for film starta 25. april, der deltakarane får moglegheit til å lære om ulike tilnærmingar til skodespel, arbeide med scener frå forskjellige manus og delta i improvisasjonsøvingar. Kurset blir leia av Helge Forland og Isabel Furhovde, og går over sju veker fram til sommarferien.

11. og 12. mai arrangerte BAKOM eit gratis innføringskurs i spelmotoren Unreal for dei som vil utforske spelutvikling. Instruktør Ørjan Midthun, med mange års erfaring innan Unreal Engine og undervisning i spelutvikling, leia deltakarane gjennom kurset.

Sofie Vestad og Mathilde Meraki Ypsøy lyttar til elevane sine filmmusikkprosjekt på Manger folkehøgskule.

Sofie Vestad, avdelingsleiar i BAKOM, og regissør og skodespelar Mathilde Meraki Ypsøy, var på besøk hos Manger folkehøgskule 30. april for å fortelje om BAKOM og deira eigne bakgrunnar innan filmfeltet. Dei hadde visning av eit knippe filmprosjekt, og la fram korleis musikk og lyddesign blei nytta som verkemiddel i historieforteljinga. Folkehøgskulen har valfag i filmmusikk, og til neste år skal dei også ha eit tilbod i musikk og media. Dei uttrykte stor takksemd for besøket og informasjonen som blei delt med elevane.

30. april var det også pitch hos BAKOM, der deltakarane fekk pithce sine eigen filmidéar og høyre på andre sine pitchar. Etter pitchen var det opent for spørsmål og konstruktive innspel.

I samarbeid med reZurs hadde BAKOM kurs i script, 6. og 7. mai, leia av den erfarne regissøren og scriptaren Andreas Søfteland Milde. Deltakarane fekk innsikt i korleis ein handterer verdifullt råmateriale og sikrar kontinuiteten under ei filminnspeling.

Saman med reZurs har BAKOM også eit kurs i datawrangling (DIT), med filmfotograf Kevin Smilden 13. og 14. mai. Dette kurset fokuserer på den viktige rolla datawranglarar har i moderne film- og medieproduksjon, med Smilden som gir deltakarane praktisk kunnskap om handtering av store datamengder under ei filminnspeling.


BAKOM er ein kreativ produksjonsverkstad for unge og nye i bransjen som vil lage film og spel, og blir drifta av Vestnorsk filmsenter med støtte frå Vestland fylkeskommune og Bergen kommune. På BAKOM kan du utforske ulike fagfelt og sjangrar, og øve deg god på det du trivst best med. Det er gratis medlemskap. BAKOM har diverse produksjonsutstyr for utlån, arbeidsstasjonar med relevant programvare og tilgang på møterom, filmverkstad, klipperom, datalab og visningsrom. Fasilitetane er tilgjengelege for medlemmane etter avtale med avdelingsleiar.

Forrige
Forrige

Frå publikumspris til nye samarbeid: Ei bølgje av gode nyhende

Neste
Neste

Påmelding Vestnorske bransjedagar på Kode