Frå publikumspris til nye samarbeid: Ei bølgje av gode nyhende

Victoria må dø vann Barnefilmfestivalen 2024 sin publikumspris.

Publikumspris til Victoria må dø, Mothership Entertainment i utviklingssamarbeid med NRK, vestnorske tildelingar frå Mediefondet Zefyr og Fond for lyd og bilde, Smau Media på pitch på DOK.forum München, Eg har ord på NRK, og filmar å sjå fram til på Dokfilm 2024 - ei bølgje av gode nyhende!

Under årets Barnefilmfestival vann Victoria må dø publikumsprisen, og vi gratulerer Gunnbjörg Gunnarsdottir, Ole Marius Elvestad og På Film! Vi gler oss til dei skal fortelje om den inspirerande reisa med kinosuksessen deira under Vestnorske bransjedagar 2024!

NRK inngår utviklingssamarbeid med Mothership Entertainment, som er eitt av fem norske produksjonsselskap som dei inngår samarbeid med. Formålet er å bidra til utvikling av heilt nytt innhald. Selskapa får eit bidrag på kr 400 000, tilgang på utviklingsworkshops og ein prosjektredaktør i NRK som følgjer opp selskapet og utviklingsarbeidet framover.

Raske jenter. Foto: Jo Bergersen

Mediefondet Zefyr har tildelt produksjonsmidlar til Screen Story Film og TV v/Anders Hereid og Eivind Rath Ilebekk til dokumentarserien Raske jenter, med Rolv Lyssand Bjørø på manus og Vegard Lund Bergheim på regi. Zefyr-midlar går også til utvikling av spelet Mechanical Heart av Peter Wingaard Meldahl, produsert av Rain Games og Marion Claireaux.

Indie Film Bergen v/Thorvald Nilsen mottar rammetilskot frå Zefyr til prosjekta Kong Annie, Ka no? og Veien til Hollywood, og er også tildelt produksjonsmidlar frå Fond for lyd og bilde til Løvene ved elven Tigris av Zaradasht Ahmed. Folk Film ved Anita Norfolk og regissør Nils-Johan Lund har også sikra seg produksjonsstøtte frå Fond for lyd og bilde, til den animerte kortfilmen Eau de Chlorine.

Regissør Maria Galliani Dyrvik og produsent Anita Vedå i Smau Media deltok på årets Master's Pitch på DOK.forum München. Dokumentarprosjektet deira, Hope is a Word, var blant sju prosjekt som fekk moglegheit til å vise seg for bransjeekspertar og potensielle samarbeidspartnarar under DOK.fest München.

Den musikalske og humoristiske dokumentarfilmen, Eg har ord, av Runar Gudnason produsert av Aldeles v/Turid Rogne, vart den 30. april send på NRK2, og er no tilgjengeleg på NRK nett-tv.

På programmet til Dokfilm 2024 i Volda stod blant anna Eivind Tolås sine dokumentarfilmar Elisabeth på tvers og Anders Lange og den politiske hund, og kortdokumentarane Kronisk dans av Jonatan Ottesen og produsent Rett Vest v/Johannes Vang, og Ian Aannevik sin Dei døde produsert av Rakkar og Anton Johannes Nyman.

Forrige
Forrige

19.4 millioner kroner til Vestnorsk filmsenter

Neste
Neste

Aktivitetsrik månad i BAKOM