KANSKJE, FOR DEG til verdas største kortfilmfestival

KANSKJE, FOR DEG har blitt vald ut til den prestisjetunge internasjonale kortfilmfestivalen i Clermont-Ferrand. Alexander Ophaug sin kortfilm blei plukka ut blant 9400 bidrag til festivalen, som er rekna som ein av dei største og mest anerkjende innan kortfilm.

KANSKJE, FOR DEG blei innspelt i Loddefjord i Bergen tidleg i januar for eitt år sidan, og når no eit internasjonalt publikum med internasjonal premiere i Frankrike. Filmen er ein del av det 34. konkurranseprogrammet YOUNG AUDIENCE under Clermont-Ferrand Film Festival. Her konkurrerer han mot 51 andre kortfilmar om den ettertrakta Canal+-prisen, som inkluderer Junior Film Critic-prisen ein visningsavtale på CANAL+ Kids.

Regissør og manusforfattar Alexander Ophaug er entusiastisk: «Det er ei ære å bli presentert i Frankrike, særleg under ein av verdas mest anerkjende festivalar for kortfilm. Vi ser fram til moglegheiter for distribusjonsavtalar og invitasjonar til fleire festivalar globalt gjennom kinovisningar ved festivalens marknad.»

Hovedrolleinnehavarane, Mirabelle Pinker-Spilde og Rami Al-Khafaji, gjer sin debut som barneskodespelarar i denne produksjonen.

Clermont-Ferrand International Short Film Festival finn stad frå 2. til 10. februar. KANSKJE, FOR DEG har 6 visningar under festivalen, og regissør Ophaug vil vere til stades. Filmen hadde verdenspremiere under Den Norske Kortfilmfestivalen i Grimstad i juni 2023 og blei seinare vist under Bergen Internasjonale Filmfestival i oktober.

- Ei sår historie om å vere fattig barn i rike Noreg. Den talentfulle regissøren nyttar thrillergrep for å skape ei intens og spennande forteljing frå norsk kvardag, inspirert av altfor mange sanne historier, seier filmkonsulent Lasse Gallefoss om kortfilmen.

Forrige
Forrige

NFI kan ikke dytte regionene foran seg

Neste
Neste

Riktig god jul og godt nyttår frå oss i Vestnorsk filmsenter