Kortfilmar frå BAKOM på BERGEN SER

8. – 11. februar blir minifestivalen BERGEN SER arrangert på Bergen Kino, der BAKOM skal ha eiga kortfilmvisning i KP12 sundag 11. februar kl. 15.45. Programmet består av eit knippe kortfilmar frå BAKOM, premierevisning på fem ferske konkurransefilmar frå BERGEN SER-konkurransen med påfølgjande prisutdeling for beste kortfilm og beste manus. Visninga er gratis, og billettar må hentast i kiosken på Konsertpaleet.

Fem kortfilmar frå BAKOM skal også bli vist som forfilmar: GEIT PRØVER Å SI DEG NOE av Benedicte Vermehren Kolberg og Ola Kvamsdal, SOPPFLØRT og FRISK OG RASK av Elias Kleive, Å REDDE EN FJORD av Edith Lindtner og AVSTAND av Simon Nilsen.

Sett av helga til å sjå både kort- og langfilm på BERGEN SER, og nytt moglegheita til å sjå fleire av filmane som er laga på BAKOM.


BAKOM er ein kreativ produksjonsverkstad for unge og nye i bransjen som vil lage film og spel, og blir drifta av Vestnorsk filmsenter med støtte frå Vestland fylkeskommune og Bergen kommune. På BAKOM kan du utforske ulike fagfelt og sjangrar, og øve deg god på det du trivst best med. Det er gratis medlemskap. BAKOM har diverse produksjonsutstyr for utlån, arbeidsstasjonar med relevant programvare og tilgang på møterom, filmverkstad, klipperom, datalab og visningsrom. Fasilitetane er tilgjengelege for medlemmane etter avtale med avdelingsleiar.

Forrige
Forrige

Bergenske Rain Games til Annie Awards

Neste
Neste

Utgått søknadsfrist - Vestnorsk filmsenter søker bransjerådgiver med engasjement, nettverk og bransjekunnskap