Bergenske Rain Games til Annie Awards

Rain Games frå Bergen er reiseklare for den prestisjetunge prisutdelinga Annie Awards i Los Angeles den 17. februar. Dei er nominerte i kategorien «Best Character Animation» for spelet TESLAGRAD 2, og skal konkurrere med tungvektarar som Marvel’s SPIDER-MAN 2 frå Insomniac Games.

Annie Awards er ei årleg prisutdeling som kastar glans over spelverda, og er den mest prestisjefulle prisutdelinga for spelbransjen.

– Dette var ei gledeleg overrasking for oss i Rain. Vi er sjølvsagt svært stolte av TESLAGRAD 2, men det gjer oss ekstra krye når spelet også blir anerkjent i ein så stor og internasjonal skala, skriv Rain i ei pressemelding.

Aslak Helgesen hos Rain står for animasjonane i spelet, og han skal no ut i strid mot nokre av dei største i bransjen i kategorien «Best Character Animation – Video Game».

Dei andre nominerte inkluderer Insomniacs animasjonsteam for SPIDER MAN 2, Mindfish for ATOMIC HEART, Tara Edwards for animasjonsarbeidet i HOGWARTS LEGACY og BUCK for LET'S! REVOLUTION.

Vinnaren blir kunngjort 17. februar under Annie Awards.

Forrige
Forrige

Premiereklar VICTORIA MÅ DØ

Neste
Neste

Kortfilmar frå BAKOM på BERGEN SER