Premiereklar VICTORIA MÅ DØ

Den 8. februar er det duka for gallapremiere på Bergen Kino for VICTORIA MÅ DØ, som opnar den 13. utgåva av BERGEN SER. Veka etter rullar filmen ut på kinoar over heile landet frå 16. februar. I familiekomedien møter vi to born frå ein velsituert familie, som hyrer ein leigemordar for å kvitte seg med den plagsame stemora si.

Regissør Gunnbjörg Gunnarsdóttir uttrykte stor tru på filmen til BT: - Filmen kunne ikkje vore betre. Vi har fått gode tilbakemeldingar frå kinosjefar i heile landet og andre som har sett han.

- Mellom humoristiske vendingar og actionfylte scener, tar filmen også opp alvorlige tema som barns sorg over å miste den opprinnelege familien sin og sosiale klasseforskjellar, uttalar Hanne-Lovise Skartveit, filmkonsulent i Vestnorsk filmsenter, om den premiereklare filmen.

VICTORIA MÅ DØ er produsert av På Film, og blei utvikla med støtte frå Vestnorsk filmsenter. Vi gler oss til premiere, og ser fram til nok ein debutantfilm frå Bergen etter suksessen til Birk & Magna!


VICTORIA MÅ DØ har mottatt utviklingstilskot frå Vestnorsk filmsenter.

Forrige
Forrige

BAKOM feira 4 år

Neste
Neste

Bergenske Rain Games til Annie Awards