BAKOM feira 4 år

Tysdag 20. februar hadde BAKOM 4-årsjubileum, som blei feira med PITCH + PIZZA! Nærmare 40 medlemmer kom på treffet, der fem nye prosjekt blei pitcha.

Filmidéane hadde ei fin breidde i stil og innhald, og fekk gode tilbakemeldingar frå publikum. Det blei også lansert moglegheit for å jobbe som frivillig i BAKOM, som fleire viste interesse for. Med litt påfyll av pizza gjekk praten engasjert vidare ut kvelden, blant anna rundt gjennomføring av dei komande prosjekta.


BAKOM er ein kreativ produksjonsverkstad for unge og nye i bransjen som vil lage film og spel, og blir drifta av Vestnorsk filmsenter med støtte frå Vestland fylkeskommune og Bergen kommune. På BAKOM kan du utforske ulike fagfelt og sjangrar, og øve deg god på det du trivst best med. Det er gratis medlemskap. BAKOM har diverse produksjonsutstyr for utlån, arbeidsstasjonar med relevant programvare og tilgang på møterom, filmverkstad, klipperom, datalab og visningsrom. Fasilitetane er tilgjengelege for medlemmane etter avtale med avdelingsleiar.

Forrige
Forrige

Snart går startskotet for WENIFF 2024

Neste
Neste

Premiereklar VICTORIA MÅ DØ