Snart går startskotet for WENIFF 2024

Snart går startskotet for den 11. utgåva av dokumentar- og kortfilmfestivalen West Nordic International Film Festival i Ålesund, og vi i Vestnorsk filmsenter gler oss til årets utgåve!

Sett av datoane 7.-9. mars, då det blir visning av rundt 30 kortfilmar og dokumentarar i høg kvalitet, på ærverdige nyrenoverte Løvenvold Theater.

Mohamed Jabaly opnar festivalen med filmen Livet er vakkert, og det blir flere spennande aktivitetar for store og små under festivaldagane. Eit av høgdepunkta i år blir ein eigen dag med fokus på kvinnelege filmskaparar på kvinnedagen, 8. mars.

På programmet finn vi blant andre regissør Jade Hærem Aksnes og Zarepta Film Production sin kortfilm Grill, kortdokumentaren Kronisk dans frå Rett Vest og Jonatan Ottesen, og Einy Åm-Sparks sin kortfilm On the other side.

Vi gratulerer alle som skal vise film under årets utgåve, og gler oss til fine dagar i vakre Ålesund!

Forrige
Forrige

Tildelingar februar 2024

Neste
Neste

BAKOM feira 4 år