Program Vestnorske bransjedagar 2024

Vestnorsk filmsenter, i samarbeid med Mediefondet Zefyr, BIFF og Filmforbundet, inviterer til bransjedagar og filmfest på Kode Permanenten 29. og 30. mai i Bergen, der vi samlar filmbransjen i regionen til inspirerande føredrag, presentasjonar av ferske film- og TV-prosjekt og fagleg oppdatering!

Vi gler oss til å samlast til innhaldsrike dagar i mai og kjem her med fortløpande oppdateringar av programmet, med atterhald om endringar.

Frå Nobelpris til film - Vestnorsk gull

Nobelprisvinnar, Jon Fosse, sitt filmmanus, Bad Moon Rising, er i prosess til å bli film - og det skal naturlegvis skje på Vestlandet! Den norske forfattaren delte første versjon av manus med regissør Erik Poppe allereie for 26 år sidan, og den veksande merksemda rundt Fosse sitt forfattarskap etter Nobelprisen gjer dette til det rette tidspunktet for å få denne «ukjente perla» av eit manus ut i verda.

Regissør Erik Poppe og produsentane Stein Kvae og Finn Gjerdrum frå Paradox, og Njål Lambrechts frå Truewest, kjem til bransjedagane for å fortelje om prosessen, ambisjonane og den vestlandske tilknytinga både estetisk og gjennomføringsmessig!

Erik Poppe er ein norsk filmregissør, manusforfattar og førsteamanuensis i filmregi, og er mest kjent for sin Oslo-trilogi, Tusen ganger god natt, Kongens nei og Utøya 22. juli. Han har mottatt ei rekke utmerkelsar og nominasjonar for arbeidet sitt, og saman med eit av Noregs leiande filmproduksjonsselskap Paradox og bergenske Truewest skal dei lage vestnorsk gull!

Innblikk i Neo og samtale med debuterande langfilmregissør Nina Knag

Rodrigo Stoicheff, filmkonsulent fiksjon for Neo og kortfilm i NFI, skal gi oss eit innblikk i Neo-programmet, etterfølgd av ein samtale med debuterande langfilmregissør Nina Knag. Filmen hennar Ikke kall meg mamma har følgd heile Neo-løpet og er no klar til å gå i produksjon på Vestlandet.

– Etter mange års arbeid med dette prosjektet er det fantastisk at filmen endeleg skal realiserast og spelast inn på Vestlandet til sommaren. Vi har fått med oss nokon av dei beste i bransjen foran og bak kamera, så eg trur dette kjem til å bli eit lite eventyr.

Regissør, Nina Knag

Workshop – Rebel Unit om bruken av AI i HBO-serien His Dark Materials

Kunstig intelligens blir meir og meir brukt i ulike prosessar i ein filmproduksjon. Rebel Unit har jobba med VFX på ei rekke nasjonale og internasjonale prosjekt, som Dr. Strange, Midsommar, Motherland og Star Wars. Theodor Flo-Groeneboom frå Rebel Unit kjem til bransjedagane for å vise oss korleis dei gjekk fram ved å bruke AI til å utvikle konkrete idéar til den storslåtte HBO-serien His Dark Materials, og kva dei enda opp med i serien.

His Dark Materials er ein eineståande fantasy-serie basert på Philip Pullman sin prisvinnande fantasy-trilogi.

The BBC’s singular adaptation of Philip Pullman’s trilogy concludes with astonishing CGI and fantastic performances
— The Guardian

Etiske problemstillingar rundt bruken av AI

Førsteamanuensis Samia Touileb frå Universitetet i Bergen skal gjere oss klokare på etiske problemstillingar rundt bruken av AI. Kva utfordringar kan kome ved bruk av verktøy som ChatGPT og OpenAI i utvikling av ein filmidé, kontraktar eller eit manus? Og vil det bremse den kunstnariske kreativiteten dersom ein skal ta omsyn til dei etiske problemstillingane?

Samia Touileb er førsteamanuensis innan språkteknologi ved Institutt for informasjons- og medievitenskap, og har ei mastergrad i kunstig intelligens og doktorgrad i språkteknologi. Ho har tidlegare vore forskar ved MediaFutures – UiB, og postdoktor ved Språkteknologigruppa (LTG) ved Institutt for informatikk ved Universitetet i Oslo.

Hennar forskingsinteresser inkluderer skeivskap og rettferd i modellar innan språkteknologi, informasjonsekstraksjon, automatisk generering av samandrag, og anvending av språkteknologiske- og maskinlæringsmetodar innen samfunnsvitskapleg forsking.

Korleis bli nominert til Oscar – og behalde forstanden

Produsent Gaute Lid Larssen frå Cylinder Productions skal halde eit engasjerande føredrag om reisa deira til Hollywood og raud løpar med kortfilmen Nattrikken. Den prisløna kortfilmen blei nominert til Oscar i kategorien beste kortfilm, som er første gong for ein norsk live action kortfilm.

Under bransjedagane blir det også visning av kortfilmen, regissert av Eirik Tveiten, om Ebba som skal ta trikken heim ei kald vinternatt. Ved ei inkurie ender ho opp med å rappe heile trikken, og innser raskt at ho trivst med å samle opp passasjerar.

Frå venstre produsent Gaute Lid Larssen og regissør Eirik Tveiten på Oscar-utdeling, der dei var nominerte med kortfilmen Nattrikken.

Vestnorsk filmsenter og Mediefondet Zefyr

Stine Tveten, dagleg leiar i Vestnorsk filmsenter, og dagleg leiar i Mediefondet Zefyr, Magnus Thomassen, presenterer seg og verksemdene. Kva ligg føre oss og korleis ser det filmpolitiske landskapet ut frå deira ståstad?

Årets programleiar Vibeke Skistad med eigen sesjon om lansering

Programleiar under årets bransjedagar er Vibeke Skistad, dagleg leiar i Euforia Film. Euforia har distribuert ei rekke prisvinnande filmar, deriblant kinoaktuelle Ibelin. Vibeke skal på meisterleg vis lose oss gjennom programmet 29.-30. mai! 

Euforia Film distribuerer film på kino og VOD, og Skistad skal halde ein eigen sesjon under bransjedagane om lansering; kva burde ein tenke på, og når burde ein tenke på lansering?

Filmkonsulentens kvarter

Filmkonsulentane Hanne-Lovise Skartveit og Lasse Gallefoss er snart ferdige med åremålsstillingene sine på 4 år hos Vestnorsk filmsenter, og har i tida hos oss handsama eit hav av søknadar. Kva er dei beste tipsa deira til framtidige søkarar?

Hanne-Lovise Skartveit har brei internasjonal erfaring som produsent, distributør og formidlar, og som produsent har ho hovudsakleg jobba i New York og Ecuador der ho har produsert animert dokumentar, dokumentarseriar, musikkvideo og spelefilmar, og internasjonale samproduksjonar. Ho har i tillegg over 20 års erfaring med undervisning og rettleiing i film, manus og medieproduksjon, blant anna ved Universitetet i Bergen og University San Francisco de Quito i Ecuador.

Lasse Gallefoss er førsteamanuensis ved TV-skolen i Lillehammer/Høgskolen i Innlandet og har regissert seks store dokumentarseriar for NRK; dei fem siste blei nominerte til Gullruten. Rus vann éi Gullrute og Flukt vann tre, inkludert beste regi som gjekk til Gallefoss. For Rus mottok han i tillegg Fagrådets pris saman med Leo Ajkic, for godt ruspolitisk arbeid. I 2017 laga han den eksperimentelle dokumentarfilmen Bønn som del av NFI sitt talentprogram Nye Veier.

AI Act – korleis påverkar det filmbransjen?

AI Act blei vedtatt i EU-parlamentet 13. mars, og vil bli norsk lov gjennom EØS-avtalen. Kva betyr denne forordninga for filmbransjen?

Kven eig det som blir AI-generert, og kva fallgruver skjuler seg? Tom Eilertsen tar oss gjennom eksempel bransjen må vere merksame på. Eilerten er advokat og partnar i Bull & Co. Han har vore direktør i Produsentforeningen, har hatt og har fleire styreverv i film- og TV-bransjen og underviser fast på Filmskolen og Westerdals for produsentstudentane. Fagområdet hans er immaterialrett med hovudvekt på opphavsrett, spesialisert innan blant anna områda film og fjernsyn. Han arbeider også med arbeidsrett generelt og har stor kompetanse på arbeidsavtalar innan film, fjernsyn og underhaldning, og selskapsrett og generell kontraktsrett.

Tom Eilertsen. Foto: Bull & Co Advokatfirma

I tillegg til føredraget tilbyr Eilertsen 1-1 møter onsdag 29. mai for påmelde deltakarar med bransjerelaterte juridiske spørsmål. Møta varer i 30 minutt. Fyll ut skjema i lenke under, så blir du kontakta dersom du får plass.



Kinosuksessen Victoria må dø

Gjengen i På Film kjem for å fortelje om reisa med kinosuksessen Victoria må dø, som har hausta strålande kritikkar og blitt omtala som «Tarantino for 10-åringar». Familiefilmen har trona øvst på kinotoppen og til no hatt over 86 000 besøkande.

Regissør Gunnbjörg Gunnarsdottir og produsent Ole Marius Elvestad frå På Film står bak den satiriske familiefilm-suksessen frå Bergen, Victoria må dø.

Dagleg leiar i Mediefondet Zefyr, Magnus Thomassen, leiar samtalen med regissør Gunnbjörg Gunnarsdottir og produsent Ole Marius Elvestad.

Talas tale: Zefyrs indre liv

Dagleg leiar Magnus Thomassen og CFO Ketil Lømsland frå Mediefondet Zefyr kjem til bransjedagane for å snakke om tal – både på makro- og mikronivå. Kva modellar bruker Zefyr og kvifor? Kva forventar dei av tal frå produsentane? Og korleis verker makroøkonomien inn på dette?

BIFF - Jubileumsår og ny festivalleiar

Bergen internasjonale filmfestival sin nye festivalleiar, Kristian Fyllingsnes, kjem for å presentere seg og snakke om årets festival, som blir arrangert for 25. gang. Festivalen er godt i gang med planlegginga av jubileumsutgåva, der det blir eit breitt samansett festivalprogram med eit stort utval av det mest spennande som har rørt seg på filmfronten.

Aktivitet og nye ordningar i BAKOM

BAKOM er no ein etablert møteplass og øvingsarena for unge talent innan filmproduksjon og spelutvikling, og er ein del av Vestnorsk filmsenter si satsing for å byggje ein kompetent underskog for bransjen i regionen. Avdelingsleiar Sofie Vestad orienterer om aktivitetar og nye ordningar hos BAKOM, og viser smakebitar frå ulike produksjonar.

Show and tell

Det blir show and tell med ferske prosjekt og nye ansikt frå regionen! Meir informasjon kjem.

Kortfilmvisning - Hemmeleg tittel

Vestnorsk filmsenter presenterer rykande fersk kortfilm med hemmeleg tittel! 


Vestnorske bransjedagar 2024: Praktisk informasjon

Tid: Onsdag 29. og torsdag 30. mai 2024
Stad: Kode Permanenten, Nordahl Bruns gate 9, Bergen
Start: Presis kl. 11:00 i Festsalen i 4. etg.
Slutt: Torsdag 30. mai kl. 17:00

Deltakaravgift: 1245,- inkl. program, lunsj begge dagar og middag onsdag.

Reise: Tilreisande frå regionen kan søke Vestnorsk filmsenter om reisestøtte på vanlege vilkår.


Arrangementet nærmar seg fullteikna. Har du ikkje meldt deg på - kontakt ingeborg@vestnorskfilm.no for plass.


Neste
Neste

Sterk vestnorsk deltagelse i Cannes