Ein strålande april

Wolf Park stiller spørsmål ved det naturlege og kunstige, det frie og avgrensa, og kva som er menneske og dyr.

April er smekkfull av strålande nyhende, med tildelingar frå Kreativt Europa, NFI, Fritt Ord og Nordisk Film & TV Fond, ny fase for spennande prosjekt, Gullruten-nominasjonar og fagprisar, Årets Mediepris-nominasjon og mykje å glede seg til på Kortfilmfestivalen i Grimstad!

Kreativt Europa har tildelt co-utviklingstilskot frå MEDIA-programmet til Folk Film, som mottar € 25 691 til dokumentarprosjektet Wolf Park, co-produsert med svenske Sisyfos Film Production og italienske Jump Cut. Dokumentarfilmen er ei poetisk reise til ein stad der ulvar og menneske møtest, og vekslar mellom eit menneske- og ulveperspektiv.

Indie Film Bergen ved Thorvald Nilsen får produksjonstilskot frå NFI og Fritt Ord til Zaradasht Ahmed sitt prosjekt, Løvene ved elven Tigris, som utforskar kva som skjedde med ein av Iraks mest mangfaldige kulturbyar gjennom auga til eit knippe av innbyggjarane.

Frå Nordisk Film & TV Fond mottar Pål Øie, Handmade Films In Norwegian Woods og Nordisk Film Production 3 millionar til Kraken, medan Emilie Blichfeldt og Mer Film er tildelt 3 millionar til Askepotts stesøster.

Søskenblikk følgjer tre søstre i 20-åra og gir eit unikt innblikk i tre forskjellige menneskeskjebnar. Foto: Mathias Sæther

Westory sitt dokumentarprosjekt Søskenblikk er i ein ny fase av prosjektutviklinga for 2024, med støtte frå Stiftelsen Fritt Ord og Møre og Romsdal fylkeskommune. Prosjektet er også inne i Neo hos Norsk filminstitutt og talentordninga Doc Forward gjennom Nordisk Panorama, og går no vidare i ein ny spennande fase!

I Grieghallen i Bergen 4. mai skal vinnarane av Gullruten 2024 kårast. Emily Louisa Millan Eide sin dokumentarfilm Renessanseprinsen, med produsent Screen Story og Thorvald Nilsen, er nominerte i kategorien beste dokumentarfilm, og Krigsseileren av Gunnar Vikene og Mer Film v/Maria Ekerhovd har heile fire nominasjonar; beste dramaserie, beste hovudrolle drama og to nominasjonar i kategorien beste birolle drama.

15. april blei Gullruten sine fagprisar delt ut, og Screen Story og Hene Films stakk av med pris for beste foto einkamera dokumentar til Anders Hereid og Kjell Vassdal for Hiding Saddam Hussein, og Mer Film og Krigsseileren mottok prisar for beste kostyme til Stefanie Bieker og beste produksjonsdesign til Tamo Kunz.

I Eksponert! får vi ta del i livet til ein open og uredd skiutøvar også utanfor fjellet; kva er historia bak fasaden?

For Screen Story og Anders Hereid er det fleire gode nyhende, med Årets Mediepris-nominasjon i kategorien Årets programserie (WEB-TV) til dokumentarserien Eksponert!, regissert av Heidi Kysnes Høyheim.

I juni går Kortfilmfestivalen i Grimstad 2024 av stabelen, der det er mykje å glede seg til! Oscar Bøe og På Film sin kortfilm Hun heter Ida, vinnaren av BAKOM kortfilmkonkurranse sommar 2023, Opplett, av Ola Kvamsdal, Eirik Svensson og Mer Film sin kortfilm Tyrannen og Ta meg på ordet! signert Thea Hjelmeland og Truewest er blant dei som er plukka ut til årets program.

Vestnorsk filmsenter gratulerer med alle dei gode nyhenda!

Forrige
Forrige

Bergen i Conan O'Brien Must Go

Neste
Neste

Filmpolitisk oppdatering